Forbrukarrådet åtvarar Stortinget mot å opna for at bankane kan selja lån vidare.
– Dette systemet kan føra til eit hardare press mot låntakarar som får betalingsvanskar, seier direktør Per Anders Stalheim.

Regjeringa vil innføra «verdipapirisering» i Noreg. Under eit slikt system kan bankane selja mange av låna dei har inngått til «spesialforetak», som finansierer sitt kjøp ved å utsteda obligasjonar til investorar og aksjefond over heile verda. For investorane er dette rekna som ei tryggare investering enn aksjar på børsen. For låntakaren kan verdipapirisering derimot føra til verre vilkår, fryktar Forbrukarrådet.
– Vi trur dette systemet kan føra til eit hardare press mot låntakarar som får betalingsvanskar, seier direktør i Forbrukarrådet Per Anders Stalheim til Klassekampen.
Les mer...

Relaterte artikler!