- Formålet med forslaga om endringar i gjeldsordningslova har vore at det skal bli lettare for skyldnaren å komme fram til ei ordning med offentlege kreditorar. Store skjønnsmessige skattekrav har i mange tilfelle vore ein medvirkande årsak til at næringsdrivande har havna i økonomiske problem, sa stortingsrepresentant Heidi Grande Røys (SV) i sitt innlegg da den nye gjeldsordningslova ble behandla i Stortinget.
Ein slik situasjon treng ikkje å skuldast klanderverdige forhold som gir grunnlag for å nekte gjeldsordning. Både helseproblem og manglande kompetanse, kan avgrense den enkelte si evne til sjølv å rydde opp i eit økonomisk uføre, og manglande ressursar til å innhente profesjonell hjelp til rekneskap kan vere ein annan medvirkande årsak til at skatte- og avgiftsgjelda vert for høg, fremholdt Røys i sitt innlegg.
Les mer...

Relaterte artikler!